Friviljuge til IXS cup i Bavallen

Under Ekstremsportveko vert den europeiske cupen i utforsykling organisert. Dette er eit stort arrangement av internasjonal skala, og skjer den siste helga: 1. – 3. juli.

Reglementet til slike konkurransar er strenge, og i det høve trengst det mange (!) løypevaktar. Er du 16 år eller eldre, og kan du ta nokre vaktar, om ikkje alle? Då får du festivalpass til heile ekstremsportveko!

Meld deg som friviljug på https://ekstremsportveko.com/volunteer/ og skriv at du ynskjer å bidra som løypevakt under IXS cupen.

Viktig informasjon til alle syklistar

Stien ovanfor jordet i Storåsen er svært sårbar og er ein del av eit plantefelt. Me ber dykk difor om å unngå sykling (både oppover og nedover) i dette området.

Nytt difor ikkje skogsvegen nordaust på kartet for tilkomst til den blå stien. På kartet under ser de dei to rutene for tilkomst som kan nyttast. Den eine er opp den gamle traktorvegen frå Tvilde og vidare opp på sti til jordet, og den andre er opp grusvegen frå Gjerdaker.

  • Hugs å lukk grinder etter deg
  • Vis respekt for grunneigarar og andre brukarar av stiane
  • Les deg opp på stivettreglane på vossmtb.no

Har de spørsmål kring dette kan de senda ein PM til ein av oss i styret i Voss MTB -klubb. Del gjerne denne informasjonen vidare!