Bli medlem

Voss MTB-klubb sitt føremål er å samla likesinna mtb-syklistar i alle aldrar og byggja opp eit miljø rundt sporten på Voss. Dette ynskjer me å gjera ved å organisera kurs, konkurransar, felles sykkelturar og sosiale samlingar, samt tilretteleggjing og utbetring av eksisterande og nye sykkelstiar på Voss.

Klubben veks for kvart år  (106 medlemmar i 2018) og det er svært gledeleg å notera at så mange er interessert i å vera ein del av fellesskapet vårt. Me er faktisk den største sykkelklubben på Voss no.

For sykkelsesongen 2019 har me fylgjande aktivitetar og arrangement på agendaen:
1. Kick off i Prestegardsmoen 25. april
2. Guida turar og kurs
3. Jentekurs med Hilde Strædet 11. og 12. mai
4. Jenteshredding gjennom heile sesongen
5. Etablere nye sykkelstiar og forsterka eksisterande stiar
6. Vossatrampen Stiserie (3 lavterskel konkurransar sesongen 2019) Alle er velkomne til å vera med!

Eit medlemskap i klubben kostar berre 300 kr. Som medlem av Voss MTB-klubb kan ein vera med på guida turar, jenteshredding og Vossatrampen Stiserie gratis. I tillegg får ein rabatt på klubbdraktar og rabattar på sykkel og sykkelutstyr hjå Endeve Sport.

Sett inn 300 kr på kontonummer: 9581 05 26530 og hugs å merk det med navnet ditt og epost adressa di!

Sykkelhelsing frå styret i Voss MTB-Klubb