Viktig informasjon til alle syklistar

Stien ovanfor jordet i Storåsen er svært sårbar og er ein del av eit plantefelt. Me ber dykk difor om å unngå sykling (både oppover og nedover) i dette området.

Nytt difor ikkje skogsvegen nordaust på kartet for tilkomst til den blå stien. På kartet under ser de dei to rutene for tilkomst som kan nyttast. Den eine er opp den gamle traktorvegen frå Tvilde og vidare opp på sti til jordet, og den andre er opp grusvegen frå Gjerdaker.

  • Hugs å lukk grinder etter deg
  • Vis respekt for grunneigarar og andre brukarar av stiane
  • Les deg opp på stivettreglane på vossmtb.no

Har de spørsmål kring dette kan de senda ein PM til ein av oss i styret i Voss MTB -klubb. Del gjerne denne informasjonen vidare!

Voss MTB-klubb

Velkomen til Voss MTB- klubb si offisielle nettside! Her finn du blant anna informasjon om medlemskap, konkurransar, sosiale samlingar, dugnadar og andre aktivitetar i regi av klubben. Om du saknar noko på sidene våre, set me stor pris på innspel frå dykk.

Sjåast på stien i sommar!