Nyheiter

Terrengsykkeldag i Bømoen,

I lag med Vossevangen CK og Voss SK arrangerer me ein terrengsykkeldag, fyrstkomande sundag. Her vert det eit uhøgtideleg ritt, grilling og felles sykling i Bømoen. Meld deg på, på fylgjande skjema (gjeld uansett kva du vel å vera med på), og kom! 😁

Skjema: https://forms.gle/R3rYCeREPcQR99PT8

Sesongstart i Bømoen! 5.5

Me ynskjer alle klubbmedlemar velkomen til sesongstart i Bømoen, 5. mai! Me møtast ved Bømoen leir, klokka 1830. Her skal me presentera målsetjingar og arrangement for i år. Sjølvsagt skal det også syklast og skal me ha litt mat til dei som kjem.

Med omsyn til oversikt over smitte og innkjøp til pizza, må alle som kjem melda seg på her:

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSeUMy3AfxQ9mZQcHmQrKXbiVGS4eWDFMxSoD9CU1Ji0ujjITQ/viewform?embedded=true