
Voss MTB-klubb inviterer til ein kveld der ein kan læra seg enkle reparasjonar og vedlikehald av syklar. Fokuset vil vera på terreng- og stisyklar, men alle interesserte er velkomne.
Ein har også høve til å gje bort eller selja delar, utstyr og klede. Ta med det du har liggjande i skapet og boden som ikkje er brukt på lang tid – kanskje nokon andre kan ha mykje glede av det?
Dato: 8. juni
Tid: kl. 18 – 20+
Plass: Voss Vandrarheim (Peter Bondesveg 40)
Me gler oss!