Visjonar og ambisjonar
Klubben vart stifta i 2012 med ein ambisjon om å samla og byggja opp eit miljø rundt dei som er interesserte i stisykling på Voss. Dette ynskjer me å gjera ved å organisera kurs, konkurransar, felles sykkelturar og sosiale samlingar, samt tilretteleggjing og utbetring av eksisterande og nye sykkelstiar på Voss. På kort tid har klubben vokst til den største sykkelklubben på Voss med flest medlemar, og visjonane til klubben varar ved:
- Skapa ein arena der ein i fellesskap kan utøva stisykling
- Gjennom dialog med grunneigarar utvikla nye stiar – og utbetra eksisterande – på og kring Voss
- Leggja til rette for sosiale samankomstar i form av tur, trening, konkurranse og kursing
Ta gjerne kontakt med nokon av oss i styret viss du lurar på noko. Sjå også vår Facebook side for meir info og andre likeinteresserte.
Styret 2025
Linda Risanger
Styreleiar
linda.risanger@gmail.com
+47 97 60 99 88
Eline Moen
Nestleiar
elinemoen@gmail.com
+47 97 78 56 18
Alfhild Gjerstad
alfhild.gjerstad@gmail.com
+47 900 69 461
Tonje Oliversen
tonjeoliversen@gmail.com
+47 984 14 374
