Det å ha flotte stiar å sykla på er ikkje ei rettigheit, men eit privilegium. NOTS ønskjer at du tenkjer over korleis du kan ta vare på stiane du ferdes langs, slik at stiane kan vera til glede for alle, år etter år.
Hugs òg at du delar stiene med ikkje-syklistar. NOTS oppfordrar deg til også å tenkja etter kva du kan gjera for at de du møter på din veg skal oppleva terrengsykling som eit positivt innslag i friluftslivet.
I denne sammenheng foreslår NOTS følgjande retningslinjer for sti-vett:
- Vær omtenksam og hyggeleg i møte med turgåarar.
- Du har alltid vikeplikt for fotgjengarar.
- Begrens farta slik at du ikkje er til fare eller ulempe for andre, særleg langs vegar og stiar som innbyr til høy hastigheit, eller i uoversiktlege parti.
- Brems ned til gangfart i god tid før du passerer andre på ein smal sti.
- Ikkje lag nye spor. Dersom du ikkje har ferdigheiter til å forsera ei hindring, gå av sykkelen.
- Unngå å sykla på spesielt sårbare stiar like etter periodar med mykje nedbør.
- Ikkje lag stien breiare ved å sykla utanom vanndammer eller hindringar.
- Bær sykkelen gjennom myrområder slik at det ikkje dannast djupe spor.
- Ikkje lås bakhjulet i bratte nedoverbakkar.
- Dersom to syklister møtast i ein bakke, har den som syklar oppover forkjørsrett.
