Bli medlem

Trykk HER for å bli medlem!

Klubben veks for kvart år og det er svært gledeleg å notera at så mange er interessert i å vera ein del av fellesskapet vårt. Me er faktisk den største sykkelklubben på Voss.

I år vil me prøva å organisera nokre ting som var planlagt i pandemiåra, og håpar me kan gjennomføra det i år. For sykkelsesongen 2022 har me fylgjande aktivitetar og arrangement på agendaen:

  • Etablera nye sykkelstiar og forsterka eksisterande stiar
  • Lågterskel sykkelritt der alle er velkomne til å vera med! Fylg med her og på Facebook for meir og oppdatert informasjon.
  • Organiserte turar til sykkeldestinasjonar, mellom anna Myrkdalen, Sogn, og Nesbyen.
  • Kursing i stibygging, vedlikehald og eigne ferdigheiter

Eit medlemskap i klubben kostar berre 300 kr  og 700,- for familiemedlemskap.

Som medlem av Voss MTB-klubb kan ein vera med på guida turar, kursing, jenteshredding og Vossatrampen Stiserie gratis. I tillegg får ein rabattar på sykkel og sykkelutstyr hjå Endeve Sport og på Gondol Sommar-kort hjå Voss Resort.

Trykk HER for å bli medlem!

Sykkelhelsing frå styret i Voss MTB-Klubb