Sesongstart og dugnad

👏🏼 Applaus til alle som var på dugnad/Kick-off! Veldig kjekt at så mange kom, sjølv om været ikkje var heilt på topp🌧

Me kjem i same slengen med ei oppmuntring: Om det er nokon som vil ta iniativ og sette i gong med ein ny dugnadsdag i nærmaste framtid er det lov😊😊 ei melding i facebook gruppa er ein god start, for å høyre om det er fleire som er interessert. MTB-klubben sin hengar med utstyr, står ved sag/slutten av hovedsti.

Me ynskjer også å presisera at bilkjøring opp vegen til Arnfinn kun kan gjerast etter forespørsel, i samband med dugnad.